Hovdekollen 29.05.01, 23 deltagere.

Første kveldsturen i år gjekk til Hovdekollen i Måndalen, tysdag 29. mai med 23 deltakarar frå Måndalen, Innfjorden, Åndalsnes og Isfjorden. 
Turleiar:  Terje Vold og Bjørg Brevik.
 
Hovdekollen: Fjellet som stikk ut i Romsdalsfjorden, som alle hadde sett og få hadde vore på.  Derifrå er ei fantastisk utsikt til Måndalen, utover til Julsundet til der hav og himmel møtest--- og innover fjorden til Åndalsnes og Isfjorden.
 
Været var lettskya med litt sol og ca. 13 grader.  Vi starta fra Hovdemyra, kryssa den gamle stien som var ferdselsåra mellom Måndalen - Hovde - Søvik - Innfjorden.  Så bar det bratt opp Hovdedalen med sørveggen av Hovdekollen, 351 moh., på høgre sida.  Landskapet flata ut - over ei myr mot fjorden og Klungneset, fortsette opp ryggen til toppen av Hovdekollen.  Her var det kafferast, og her var restane av Heimevernet sitt hus som vart nytta til øving for HV i Indre Romsdal like etter krigen.  Turen fortsatte til Instekollen som ligg nærare Oterholmneset.
 
Hovdekollen er imponerande frodig og skogkledd av furu og lauvtre.  Historia seier at her er mykje orm, i store klasar!!  Det er ein påstand vi vart fridd i frå. 
 
Frå Instekollen går stien i utkanten av myra og ned att Hovdedalen til Hovdemyra.  I Hovdedalen vart det i 1971 -1972 funne restane av den bygdeborga det har vore snakka om bakover i historia.
 
Turen tok frå - til Åndalsnes 3 1/2 time.
 
Dei som var med på turen:
Inger og Trygve Ellingsberg, Helene Øverland, Bea-Katel Vangen, Perry Kavli, Harald Bakke, Hjørdis Sæbø, Torill Wenaas, Eivind Raanaa, Hans Kosberg, Bjørg Brevik, Odd Tokle Sæbø, Arnt Erik Flydal, Agnes Sylte, Kari Hjelme, Janne Rustad, Eva Lianes, Johan Martin Vold, Rudolf Vold, Sondre Vold, Edvart Søvik, Terje Vold og Rolf Remen