Disse sidene er sponset av NetPartner AS, Åndalsnes

Referat fra turen til Gridsetskolten 04.07.04

Søndag 4. juli vart ein fantastisk solskinnsdag med bratte lier, høge stup, steinurer, 1066 m.o.h., setervoll og elvesus.

Utgangspunktet for dei 22 turgåarane var fra Ulvestad. Vi køyrde opp til ein gard (Gridset) der vi fekk parkera bilane.

Til fots bar det først til Furnakken, eit utsiktspunkt over Innfjorden. Presten (ein navngitt varde) var neste pustepause, stien delte seg her.

Vi la i veg oppover ura mot Gridsetskolten, lett ur å gå i. Ein god pause med mat og drikke på 1066 m.o.h. (vi sit på toppen av Gridsetskolten). Nedover gjekk turen om det eine "utslippspunktet" for dei som kler seg i "flaggermusdrakt". Her var det høgt utfor og god utsikt. To store turistskip seilte inn til Åndalsnes, det var med å vise kor høgt oppe vi var. Ei flott oppleving.

Til Gridsetsetra gjekk turen nedover lia der fjellbjørkene bar preg av å ha bore store snømengder i vinter. Vi passerte elva og gjekk oppetter ein liten stigning. På Gridsetsetra er det lenge siden budeiene har vore, men utsikten er nok den same, til Klungnes og ut mot havet.

Sola skinte og varma kroppane våre, og turledarane fekk samle troppane sine. Turen gjekk attende til utgangspunktet. Stien var lett å gå, over elva og vidare forbi varder som har fått navn som Skrivaren, Futen og Presten.

Ved Presten var vi attende der stien delte seg, no var det berre nedover heilt fram til dei parkerte bilane på Gridset. Stien hadde tørka opp og var god å gå på ned den bratte lia.

Ein dag med vakkert ver, til tross for utrygge vervarsel og skodde som låg tjukk om morgonen.

Gridsetskolten kan godt vere eit turmål fleire gonger. Takk for ein fin tur.

Dei som var med: Bjørg Brevik, Eivind Raanaa, Viggo Samuelsen, Frode Sætre, Agnete Botnevik (ref.), Randi Roald, Marit Søholt Stokes, Steinar Bue, Bodil Tessem, Åse Grøvdal, Inge Grøvdal, Torill Prestegård, Anita Johannesen, Ole Ødegård, Perry Kavli, Synnøve Thoresen, Willy Thoresen, Edvard Søvik, Kåre Vold, Nils Harald Nikolaisen, Arild Edvard Berild og Egil Arne Berild.