Disse sidene er sponset av NetPartner AS, Åndalsnes

 

Skitur til Kvassetind 01.05.02 (7 deltagere).

 

Oppmøte på Kavlihjørnet kl. 09.00, derifrå gjekk turen til Venås i Måndalen kor de var råd om kor turen vidare skulle gå, vi var 7 stykker. Turleder hadde vore ein tur til Månvatnet tidlegare i veka for å sjekke snøtilhøva og om de var råd å gå over Månvatnet, isen hadde begynt å gå opp. Alternativet var å vasse over elva. Det var då spørsmål om å ta ein tur til Øspetinden i staden, men då hadde vi måtte bere skiene våre lenger og så hadde vi måtte vasse over nokre myrer før vi kom opp i snøen. Det blei til att vi tok Kvassetinden i staden, kjørte då over til Skare og vidare innover ein skogsveg til rett ovafor Tverrberget kor vi parkerte bilene. Derifrå var det å gå med skia på skuldra mellom snøflekker på tørr veg fram til Månvassetra, kor vi tok på oss skia og kryssa oss fram mellom tovflekker og bjørkeris til vi såg ned på Månvatnet, då måtte vi bere skiene ned til elva. Veret var ikke så aller verst, men det bles ein del. Etter ein pause og ein matbit i ly av ein hyttevegg var turen komen til å krysse elva, noko som enkelte grudde seg til. Hadde tatt med eit par gummistøvler så ein kunne vasse over i staden for å balansere på steinene. Så var det på med skiene og begynne på stigningen opp mot Kvassetinden, føret var fint her.

 

Bjørg hadde problem med å få fast eine skia, bolten under skoen hadde gått av. Ho meinte att vi ikkje skulle vente på henne, ho ville ikkje vere med på toppen. Oppe under Litlebua tok vi ein kort pause for å samle alle samen før vi begynte på lia ovafor Kvassetindsvatnet. Då vi skulle til å gå att, dukka også Bjørg opp til sides for oss, ho hadde tatt ein annan veg. Det bles slik at vi såg det fauk på toppene, så då vi kom fram til den store steinen under toppen tok vi mat. Men det var godt å komme seg i gang att. Det vart kaldt å sitte i ro forlenge, skiføret hadde gått over til tørrsnø, så det var ikkje fritt for at fellene klabba for enkelte av oss.

 

Oppe på toppen av skaret mellom Storbua og Kvassetinden hadde snøen blåst bort, så vi måtte gå på skoene opp til toppen av Kvassetinden. Turen skulle også gå til Storbua og  Månvasstind, men ryggen opp mot Storbua var nesten fri for snø, skulle vi dit måtte vi bere skiene opp ryggen, for vi trengte dem når vi skulle frå Storbua til Månvasstind. Det var ikke noko stemning for å gå den turen når veret ikkje var det beste, så vi skreiv oss inn i boka ved varden og returnerte nokså snart. Så var det av med fellene og glede seg til nedturen på det fine føret, sjølv om nokre rente med fellene på. Nede ved den store steinen venta vi til alle kom før vi tok fatt på lia vidare nedover. Då vi kom så langt att vi såg Månvatnet, fant vi oss en tovflekk med lyng og mose. Der tok vi resten av maten vår og ein lang pause med utsikt over Måndalen, innover fjorden mot Åndalsnes og med fjella i Isfjorden i bakgrunnen. Når det då var 15+ grader i tillegg, hadde vi det bra. Vidare ned til Månvanet var det litt bløtt somme stader, så ein skar igjennom. Det gjekk greit å krysse elva på steinene for dei som brukte støvler sist, det var visst ikkje så vanskeleg. Nedover Månvassheia svinga vi oss fram mellom tovflekkene forbi Månvassetra og nesten heilt til parkeringsplassen, derifrå var det å traske etter vegen ned til bilene.

 

Dei som var med: Elsa og Erling Krohn, Bjørg Brevik, Eivind Raanaa, Edvard Søvik, Nils Harald Nikolaisen, Terje Vold.