Disse sidene er sponset av NetPartner AS, Åndalsnes

Kveldstur til Sæbønakken 02.07.02 (8 deltagere).

Frå Åndalsnes gjekk turen til Sæbø i Måndalen der vi parkerte bilene ved saga. Vi var 9 stykker som starta på turen forbi gården til Olav oppover ein traktorveg til vi kom til skiltet som viste stien til Høgsetra. Det vart fort varmt selv i shorts og t-skjorte oppover Sæbølia.

Stien var fin å gå og det var rydda bort kratt og småskog langs stien på begge sider. Etter nokre korte pauser oppover kom vi fram til der stien deler seg til Høgsetra og Sæbønakken, der tok vi en lengre pause og fekk samla alle.

Då vi kom fram til Sausethytta møtte vi Ivar, Kåre og Bjørnar Vold og Solfrid Bådal og 3 gutar, dei vart med oss videre. Det hadde begynt å skye over og det såg ut som det skulle bli regn.

Vegen frå hytta til Sæbønakken er ikkje så lang, då vi kom dit satt Haldis Sæbø, Torill Wenaas og Helene Øverland der, dei går og samla poeng på poster som er plassert rundt om i Måndalen.

Vi var no 19 stykker som var samla og satt å venta på at vi skulle få sjå kveldssola, men det såg dårlig ut, i staden kom skodda sigende inn fjorden. Det begynte å bli kaldere, så vi fekk ta fatt på tilbaketuren og gikk då om Sæbøvatnet. No kom regnet over oss, men det gjekk heldig vis raskt forbi.

Då vi kom tilbake til Sausethytta vart Solfrid, Ivar og gutane att, dei skulle overnatte der. Turen videre ned lia gikk greit, me var nede ved bilene ved 10 tida.

De som var med på turen var:

Bjørg Brevik, Gunnbjørg Eriksen, Randi Rønning, Jan Sørensen, Edvard Søvik, Synnøve og Willy Thoresen, Terje Vold.