Disse sidene er sponset av NetPartner AS, Åndalsnes

Storknubben 15.09.02 (10 deltagere)

Vi var 10 stk. som la i veg frå Venåssetra med Storknubben som mål den 15/9.

Vi følgte stien fram til Stavvatnet, der tok vi ein liten pause så dei som ikkje var sikre på kor vi skulle fekk forklart det. Her tok vi venstre sida av Stavvatnet forbi Klauvhammaren til enden av vatnet kor vi tok opp til Tjørnhaugen, der tok vi ein mat pause.

Det hadde begynt å skya mer over, og skodda kom sigende rundt oss, så det var på tide å komme videre mens vi enno såg toppen vi skulle på, kaldare var det blitt også. Hadde no ein jamn bratt stigning foran oss før vi nådde toppen, men det var fint terreng å gå i.

Det tjukna til med skodde, så då vi nådde toppen var det ikkje anna enn skodde å sjå. Det var godt å sette seg ned i ly av vinden og ta seg en matbit før vi begynte på heimvegen, det kom godt med både hue og votter.

Ned att gjekk vi til Bakbotnen rundt under Øspetinden mot hytta til Jon Venås, der tok vi ei lengre pause. Frå hytta følgte vi stien ned lia til Venåssetra, der Eivind venta på dei som skulle vidare til Åndalsnes. Han hadde visst vore i seterbua til Sigfrid og Odd Venås og fått seg nystekte vafler.

Dei som var med: Rudolf Vold, Bjørg Brevik, Eivind Raanaa, Randi Uri, Agnete Botnevik, Frode Sæter, Solfrid Bådal,  Edvard Søvik, Nils Harald Nikolaisen og Terje Vold.